NRK Meny
Normal

Klar siger i folkerøystinga: «Malmheim skule» blir «Malmheim skole»

Over dobbelt så mange vil ha bokmål i staden for nynorsk som offisiell målform ved skulen.

I dag stemmer folk på Malmheim i Sandnes om dei skal ha nynorsk eller bokmål i skulen. I alle år har nynorsken stått sterkt i bygda, men no er det mange som ønskjer ei endring.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Valdag på Malmheim skule

Nynorsken har stått sterkt på Malmheim i alle år. Men no er den siste eleven med nynorsk som hovudmål gått ut frå Malmheim skule, og 96 av 96 elevar har bokmål som hovudmål.

Atle Sømme

REKTOR: Atle Sømme

Foto: Anders Fehn / NRK

– Då kan me ikkje ha ein situasjon der skulen formelt er ein nynorskskule, seier rektor Atle Sømme.

Klar siger for bokmålet

Etter at stemmene var ferdig talde litt før klokka 21.30 måndag kveld, er det klart at eit stort fleirtal ønskjer at det er bokmål som skal vera målforma skulen formelt skal nytta.

136 stemde for bokmål og 59 stemde for nynorsk. Før skulen offisielt skiftar målform må det gjerast eit vedtak i bystyret i Sandnes, men Sømme trur det blir ein rein formalitet.

– Det er jo det, då meir enn dobbelt så mange stemde for bokmål.

Endring nesten over natta

Og om bystyret den 28. oktober fattar vedtaket rektoren reknar med kjem, er han klar til å endra målform over natta.

– Alle elevane nyttar bokmål, så dei vil ikkje merka så mykje til det. Men i administrasjonen vil me skifta språket så godt som over natta. Heimesida vil bli endra fortløpande, og me bør klara å ha ein rein bokmålsfasade etter nyttår.

Det einaste han er litt meir usikker på, er kor lett det blir å endra fana skulen har.

– Der står det «Malmheim skule», så den blir nok den vanskelegaste å endra, seier Sømme.

Siste nynorskelevane gjekk ut i vår

–Foreldra har dei siste åra vald bokmål til ungane sine, og då dei siste nynorskelevane var ferdige i vår, fann me ut at me måtte gjera noko, held rektoren fram.

Samarbeidsutvalet ved skulen gjekk til bystyret i Sandnes og bad om at det vart gjennomført ei rådgjevande folkerøysting om kva målform skulen skal nytta.

– Det er ikkje hemmeleg at foreldra til elevane ønskjer bokmål, men nokon i bygda, spesielt den eldre generasjonen, ønskjer å ta vare på bygda sin kultur med nynorsken, seier han.

Malmheim skule
Foto: Anders Fehn / NRK

Bystyret med endeleg avgjerd

Det er ikkje berre dei som har born på skulen som har stemmerett. Alle over 18 år i krinsen Malmheim og Folkvord har stemmerett, i tillegg til dei som har born som er elevar her.

– Det er bystyret som tek den endelege avgjerda. Dette er ei rådgjevande folkerøysting, og utfallet blir bestemt den 28. oktober i bystyret, seier Trine Bolstad, som er valansvarleg i Sandnes kommune.

Elevar på Malmheim skule

ALLE HAR BOKMÅL: Alle elevane på Malmheim skule har bokmål som hovudmål.

Foto: Anders Fehn / NRK

– I Sandnes og omland er bokmål det språket både foreldre og elevar møter i alle samanhengar. Me har rett nok ei dialekt som liknar nynorsk, men det er mange bokmålsord også. Og så har me jamn tilflytting i samband med oljerelatert verksemder som gjer at me har innbyggjarar frå heile landet, og det har nok utfordra oss litt med at dei tek med seg sin skulegang og at dei vil ha bokmål for sine elevar, seier rektor Sømme.

Erik Fossåskaret

IKKJE OVERRASKA: Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Erik Fossåskaret.

Foto: Anders Fehn / NRK

Sosiolog Erik Fossåskaret ved Universitetet i Stavanger er ikkje overraska.

– Det urbane, altså byane sine livsformer og stil, det har overteke. Bygdene byggjer seg opp i ein urban stil, og det svekkjer nynorsken, seier han.