NRK Meny
Normal

Målinga av Egersund kyrkje blir forsinka

Egersund kyrkje skulle vera ferdig malt første august, men no er målarane forsinka.

– Vi har kommen litt på hælane og dermed hamna litt på etterskot, seier Per Kåre Eikeland, driftsleiar i Stavnheim Prosjekt AS, selskapet som har fått målaroppdraget, til Dalane Tidende.

Forseinkinga kjem fordi selskapets andre prosjekt har teke lengre tid enn antatt.

Eikeland seier til avisa at han ser for seg at dei vil vera i gong med å spyle kyrkja innan 14 dagar og byrje målejobben i slutten av juli eller i byrjinga av august. Sjølve målejobben trur han vil ta om lag to veker.

I fjor var det berre nok pengar til å male halve kyrkja. Veggane på den umalte delen er no grøne og fulle av mose, og Eikeland trur difor det blir ein utfordrande målarjobb.

Meir oppussing må til


Men kyrkja treng meir enn eitt strøk måling for å skine. For kyrkja som vart bygd i 1785 er i svært dårleg forfatning.

Taket på den ærverdige kyrkja er i oppløysing, og lause taksteinar heng over inngangspartiet på den gamle trekyrkja. Kyrkjeverja seier til Dalane Tidende at det vil koste i overkant av to millionar kroner å skifte ut steinane på taket, og at han er usikker på om politikarane vil prioritere vedlikehald av kyrkjetaket.

Kirkeverge Jørgen Tore Omdal

Jørgen Tore Omdal er kyrkjeverje i Egersund

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er tronge tider i kommunen, så det er vanskeleg å seia. Men eg trur dei ser verdien av det, seier Jørgen Tore Omdal.

Det er ikkje berre taket som er i dårleg stand på kyrkja. Veggene på vest- og nordsida rotnar på grunn av mangel på pengar til fortløpande vedlikehald.

I tillegg er fleire av vindauga er også prega av tidas tann. Kyrkjeverja meiner reparasjonar vil koste nærare hundre tusen kroner per vindauge.

Vinduene Egersund kirke

Vindauga er i svært dårleg forfatning, og det kan bli dyrt å få dei reparert.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK