Hopp til innhold

Blå vind i store deler av Noreg: – Ei historisk upopulær regjering

Det går mot maktskifte i fleire kommunar etter valet. Høgre kan notere seg brakval mange stader.

Valg 2023. Høyres valgvake på Fiskepiren i Stavanger. 
Sissel Knutsen Hegdal (H) og Høyre jubler for de første tallene klokken 21.

I Stavanger blir Sissel Knutsen Hegdal (H) ny ordførar. Fleire kommunar ser nå på et maktskifte.

Foto: Jarle Aasland / Stavanger Aftenblad

Eit historisk sterkt val for Høgre gjer at mange kommunar går frå raudt til blått den kommande tida.

Ein av dei største endringane finn me i Sandnes i Rogaland. Etter 12 år i opposisjon er no Høgre det største partiet – ein kommune der Arbeidarpartiet har styrt i same periode.

– Dette er vårt nest beste val på 40 år, seier ordførarkandidat for Høgre, Kenny Rettore.

I Sandnes er no Høgre (25,2) og Frp (23,6) størst, og kan dermed klare seg utan støtte frå nokon av dei andre partia.

KrF, Høyre og Frp i møte på rådhuset i Sandnes dagen etter valget

KrF, Høgre og Frp i møte på rådhuset i Sandnes dagen etter valet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

På landsbasis har Høgre gått kraftig fram – frå 20,1 prosent oppslutning i 2019, til 25,9 prosent ved dette valet.

– Eg hadde forventa ein solid framgang for Høgre, men at både dei og Frp skulle gjere så gode val, var vel ein av valets overraskingar, skriv politisk kommentator Tone Sofie Aglen i NRK i ei tekstmelding.

– I tillegg er det bredde i høgresidas framgang. De gjør det bra både i store byer, folkerike kommunar og i distrikta. Men Vestlandskysten er et kjerneområde.

Oppslutning i hele landet

Type valg

Brakvalet blei feira med kake på Høgres Hus i Oslo tysdag:

– Det er dag for kake, og det er dag for feiring, sa Erna Solberg og tor første stykke av den store marsipankaken.
Tirsdag ettermiddag var Høyre samlet på Høyres Hus i Oslo for å feire valgresultatet.

– Det er ein dag for kake, og det er ein dag for feiring, sa Erna Solberg og tok første stykke av den store marsipankaka. Tysdag ettermiddag var Høgre samla på Høgres Hus i Oslo for å feire valresultatet.

– Overveldande

Sandnes er langt frå den einaste kommunen som går frå raudt til blått. I Rogaland har Høgre gått opp med 10,2 prosent i Time og 8,7 prosent i Sola.

Les også Den blå mandagen

Valg 2023

I Åmot kommune i Innlandet har partiet gått opp med svimlande 30,5 prosent, frå 9,4 i 2019 til 39,9 prosent ved dette valet.

– Det er nesten overveldande dette her, seier ordførar Ole Erik Hørstad (H) i Åmot.

Han har fire år bak seg som ordførar i Åmot, og no er det også klart for fire nye år i same rolle.

Det var ikkje sjølvsagt at han skulle bli ordførar etter sist val – ein konflikt mellom Ap og Sp resulterte nemleg i eit samarbeid der Høgre, som minste parti, fekk ordføraren.

– Det var jo veldig spesielt og tilfeldig at eg blei ordførar i 2019. Eg hadde ikkje rekna med meir enn dei fire åra. Men gjennom desse åra har eg jobba hardt for å vere til stades for alle i Åmot, uansett politisk ståstad, seier han.

Også i Frøya kommune i Trøndelag har partiet gått opp med heile 30 prosent.

Fleire årsaker til den blå vinden

Den blå vinden handlar om fleire ting, ifølgje Aglen.

– Det er ein reaksjon mot ei historisk upopulær regjering. Vi ser at Høgre og Frp har gjort det særleg godt lands kysten, der mange er kritiske til regjeringas nærings- og skattepolitikk. Lakseskatten var for ein del dropen som fekk begeret til å renne over.

Ho peiker på at alle partia er avhengige av gode og respekterte lokale kandidatar for å få utteljing i valet.

Tone Sofie Aglen

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.

Foto: Ole Kaland / NRK

– Lokalval er personval og populære ordførarar og kandidatar kan forsterke eller motverke ein rikstrend.

Korleis vil innbyggjarane i de nye blå kommunane merke maktskiftet?

– Veljarane vil nok merke et skifte, men kanskje ikkje så mykje som man kunne forvente. Det er et kjenneteikn ved dagens Høgre at de har lagt seg nær sentrum, og ikkje lovt veldig mykje ideologisk høgrepolitikk. Men høgresida er sjølvsagt meir open for konkurranse og alternativ til offentleg sektor, skriv Aglen.

Les også Feil i resultatene for «Skatteparadiset» – kan få flertall alene likevel

Bø-ordfører Sture Pedersen

Flere nyheter fra Rogaland

Stromma sin buss står parkert ved nasjonalmonumentet Haraldshaugen i Haugesund.

Kjører ulovlig flere steder i landet

Haaland på Café Jærbuen

Haaland måtte ha to porsjoner kjøttkaker