Må sjølv betala for å få straum til huset

Nabolaget har straum, men likevel må eit ungt par ut med over 200.000 kroner for å få elektrisitet i huset dei vil byggja. – Regelverket smakar vondt, meiner Boligprodusentenes Forening.

Hustomt i Møllelia på Ombo i Finnøy kommune

Tomta kosta 213.000 kroner og huset skal kosta 2,5 millionar. For å få straum, må paret betala 210.000 kroner. Det var fullt i nettstasjonen bustaden skulle koplast på.

Foto: Privat

– Denne saka viser at når Lyse som monopolist på nettleige, kan legga så høge kostnadar på eit ungt par som ønskjer å stifta bu, må det vera eitt eller anna gale, seier administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger.

På øya Ombo i Ryfylke risikerer paret på 21 år å få husdraumen knust på grunn av ei ekstrarekning for straum til huset. Dei vil etablera seg på den delen av øya Ombo som høyrer til Finnøy kommune. Tomta har dei kjøpt av kommunen for 213.000 kroner, og huset til 2,5 millionar skal finansierast med husbanklån.

Men for å få straum, må dei ut med ein ekstrakostnad på om lag like mykje som tomta kostar: 210.000 kroner.

Paret ønskjer ikkje å snakka med NRK, men er kjend med at saka blir omtalt.

Kan ikkje velja nettleverandør

Bakgrunnen for «straumrekninga» er at det var fullt i nettstasjonen tomta skulle koplast på. Det får Jæger til å reagera.

Per Jæger

Per Jæger, administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening.

Foto: Johnny Syversen

– Dette smaker veldig vondt. Me håpar å finna ei løysing for denne familien, men me må også sjå på om me greier å endra regelverket, seier Jæger.

Direktøren i Boligprodusentenes Forening ber nå om eit møte med olje- og energiministeren om saka. Ifølge foreininga er dette eit problem som vil gjelda mange.

Over heile landet har ulike selskap monopol på å transportera straumen i straumnettet. Alle straumkundar kan velja kva for ein straumleverandør dei vil, men nettet kan dei altså ikkje velja leverandør for. Netteigarane pliktar å kopla alle nye straumkundar til nettet, men kan krevja delar av kostnadene dekka. Det er altså dette som skjer det unge paret.

Lyse: – Forstår det kjennest urettferdig

– Det er klart eg forstår at dei kan føla det urettferdig når dei får heile kostnaden med å forsterka straumnettet. Men regelverket skal praktiserast slik, og det må me følgja, seier avdelingsleiar for Lyse Elnett, Rannveig Eidem Norfolk.

Lyse lovar nå å sjekka om det finst andre alternativ for å kopla huset til straumnettet, eller om det er fleire utbyggarar å fordela rekninga på.

Henrik Halleland

Finnøy-ordførar Henrik Halleland (KrF).

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Tysdag denne veka var Boligprodusentenes Forening, Ladstein Bygg, Lyse og Finnøy-ordførar Henrik Halleland (KrF) i møte om saka. Også han forstår frustrasjonen.

– Samtidig er dette ei komplisert verd og ei stor, politisk sak om må avklarast.

– Kan det blir aktuelt at kommunen betalar for tilkoplinga?

– Me har diskutert det, men det er altfor tidleg å svara på, seier ordføraren.