Hopp til innhold

Må nok øvingskøyra meir...

Turen enda gjennom eit gjerde og inn i tre bilar.

Falck

Ingen personar kom til skade i ulukka, men gjerdet hos Falck har sett betre dagar.

Foto: Ronny Hjertås

– Ho tok feil av gassen og bremsa i det ho kom rundt svingen, fortel David Thu hos Falck Stavanger.

Thu har brukt sundagen på å fiksa gjerdet hos Falck Stavanger, etter at ein øvingstur i bil enda brutalt for ei kvinne og læremeisteren hennar.

– Ho var litt skjelven etter hendinga, men det gjekk jo godt og ingen kom til skade forsikrar Thu.

Det vil seie, ingen personar kom til skade. Tre bilar hos Falck tok skade, pluss bilen kvinna køyrde.

– Alt det må me berre ta med forsikringsselskapet, seier Thu, som ikkje fekk med seg at nokon køyrde gjennom gjerdet utanfor før det heile var over.

– Det va eit uhell og det gjekk jo godt. Dette tek eg med stor ro forsikrar han.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med den uheldige sjåføren.