NRK Meny

Må flytta konsertarena på ny

Tidlegare Kaizers-frontfigur Janove Ottesen må flytta konsertarena i Oslo for andre gong. Solo kallar han seg Janove, og først blei det meldt at han skulle spela på Parkteatret 24. mars. Men grunna godt billettsal blei konserten flytta til Rockefeller. Nå må han flytta ytterlegare ein gong, denne gong til romslege Sentrum Scene, melder NTB.

Janove Ottesen med ny musikkvideo
Foto: Mathias Oppedal / NRK