Han skal eigentleg på kvar vår, men pandemien har gitt ein ufrivillig pause i skapet for mange bunadar.
– Det er eit kjent fenomen at bunaden krympar i skapet, seier Marianne Lambersøy.
Ho driv Embla bunader i Stavanger, ein stad der det er spesielt travelt akkurat nå.
– Nå har alt eksplodert, seier Lambersøy.
Daglege telefonar om tronge bunadar
For nå er det vår.
Det er under to månader til 17. mai, og konfirmasjonar står for tur.
Og bunaden, ja han er kanskje blitt litt vel trong om livet.
Bunaden fekk pandemipause i skapet, og er derfor litt for liten for Lena Isaksen i år.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK– Eg sko prøva bunaden for to dagar sidan, og då fekk eg litt av eit sjokk. Då passa han ikkje for første gong, seier Lena Isaksen om nordlandsbunaden sin.
Ei krise for henne, og garantert ei krise for mange andre nordmenn òg.
– Me får mange telefonar kvar dag frå dei som har hatt bunaden i skapet i to år. Absolutt alle som er i bransjen jobbar for harde livet, seier Lambersøy.
Men sjølv om alle jobbar på: Har du ennå ikkje fått bunaden til skreddaren, ja då kan det 17. mai-toget ha gått allereie, seier Lambersøy.
– Mange bunader kan ikkje bli ferdigstilt med mindre du har det rette stoffet.
Jobba av seg fingeravtrykka
Og i heile bunadsnoreg er meldinga at det er travle dagar. Både dei som leverer ull, sølv, sokkar og sko har fulle ordrebøker.
Både hendene og fingrane til Ingeborg Storhaug får køyrt seg når ho jobbar dag og kveld for å få bunadar klare.
Foto: Håkon Mannsåker / NRKLambersøy bruker både dag og kveld på å få ting ferdig. Det er ein arbeidsmoral som ligg i familien. For mora hennar, Ingeborg Storhaug, gjer det same.
– Eg står opp i 07-tida og gir meg i 21-tida, seier Storhaug som har fått ganske så sletne fingrar.
Noko sjølv politiet har merka. For då ho skulle ta nye fingeravtrykk til passet fekk ho beskjed om at ho ikkje hadde fingeravtrykk igjen.
Førebudd på travel vår
Men for mange er det altså for seint å sy ut bunaden nå. Men det går greitt for Lena Isaksen, for ho skal få på seg nordlandsbunaden uansett.
Helle Andrea Gundersen har tatt turen frå Oslo for å få hjelp hos Embla bunader. Ho er fødd i Stavanger og har familie her, og ønska seg derfor Rogalandsbunad til konfirmasjonen.
Foto: Odin Omland / NRK– Eg har ikkje tenkt å justere han, eg. Men det er ikkje tvil om at koronaen har gjort litt med oss. Nå må eg på treningssenteret, seier Isaksen og ler.
Slitne før 17. mai blir nok både dei som skal ligge i hardtrening for å passe inn i bunaden, og dei som må fikse bunaden for andre.
For sjølv om Marianne Lambersøy synest jobben er gøy, så er ho førebudd på nokre tunge veker på Embla bunader.
– Ho som held til rett over gata her driv ein massasjeplass. Eg skal ha klippekort hos henne.