Hopp til innhold

Draumedagen i grus – tapar titusenar

SANDNES (NRK): Lovnaden om «evig truskap» blir sett på vent av viruset. Fleire brudepar fryktar avblåste bryllaup kan få store økonomiske følger.

Anne Oma og Kim Slaake

Anne Oma og Kim Slaake hadde draumebryllaupet planlagd i Gdansk. No er det uvisst kor tid dei får seie ja til kvarandre.

Foto: Privat

– Men ekteskapet er heldigvis ikkje avlyst, ler Knut Bjerkan.

Saman med kjærasten og eit vennepar skulle dei blitt vigsla i Sandnes rådhus neste veke.

Men slik blir det ikkje.

Sjølve draumebryllaupet – på eit slott i Praha – blir stoppa av reiseråd og karantenereglar for covid-19.

Knut Bjerkan og Elin Roaldkvam

Elin Roaldkvam og Knut Bjerkan sitt ekteskap blir stoppa av koronaviruset – i denne omgang.

Foto: Privat

Også venneparet Kim Slaake og Ane Oma avlyser storfeiringa dei skulle hatt med familie og venner i Gdansk.

– Det er jo eit skjær i sjøen, seier Slaake.

Dei har alle planlagt eitt av livets høgdepunkt i lang tid. No kan avlysinga få større konsekvensar enn at ekteskapet blir utsett.

Råkar lommeboka hardt

Men para i Rogaland er ikkje dei einaste som fortviler.

Máret Inger og Niillas Heandarat er knuste etter å ha måtta beklage til sine 1700 inviterte gjestar.

Máret Inger Gaup ja Nils Henrik M. Skum

Koronaviruset kom overraskande på dette gifteklare paret. Dei hadde aldri trudd det skulle spreie seg så fort.

Foto: Johan Ánte Utsi / NRK

Fleire rådhus og kyrkjer merkar korona-uro blant par som skal gifte seg.

Etter å ha ringt til 12 institusjonar i Rogaland, får NRK stadfesta at fleire og fleire vel å ikkje gjennomføre bryllaupet. Nokon er redde for smittespreiing, andre får lokalet sitt avlyst.

– Det har nok ikkje gått opp for oss. Det er litt surrealistisk, seier Knut Bjerkan.

Felles for mange par NRK har snakka med, er uroa for kva det økonomiske tapet vil kome på.

Sandnes rådhus

Her skulle dei to vennepara frå Sandnes ha gifta seg.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Slik det ser ut no, er me veldig uroa for korleis dei neste månadane vil gå, seier Kim Slaake.

– Med tanke på jobb, og om me får råd til gjennomføre eit bryllaup i det heile, seier han.

Også venneparet trur det er snakk om store summar. Utan å ha stadfesta med forsikringa, anslår dei at det kan vere snakk om opptil 50.000 kroner.

– Men ikkje minst er det kjipt for reisefølget som har booka fly og hotell, seier Knut Bjerkan.

Bransjen kan slite

På ein brudesalong i Praha heng den kvite kjolen og ventar på brud Elin Roaldkvam.

Fleire bryllaupslokale blir òg ståande tomme dei komande vekene.

Eit av Rogalands mest populære har tatt drastiske grep for å minimere utgiftene og tapa.

– Me stenger drifta, og har permittert dei tilsette fram til påske, seier dagleg leiar Vegar Årsvold ved Solastranden gård.

Dette skjer i ei tid med fleire bryllaup og arrangement i kalenderen.

Sol og sommar på Solastranda

Arkivfoto. Solastranden i Rogaland er ein ynda plass for bryllaupsfeiring.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Klart det er ein keisam situasjon for oss og dei andre råka. Bransjen er hardt ramma. Men me har på ingen måte gitt opp, seier Årsvold.

Han har tru på at regjeringa sine tiltak kan lette den økonomiske byrda, og håpar samfunnet er oppe og står til høgsesongen.

Blir «ja» uansett

Trass i knuste bryllaupsdraumar, har alle brudepara stor forståing for grepa som blir tatt desse vekene.

– Anne og eg har vore saman i ti år. Om me må vente eitt år, betyr nok ikkje så mykje frå eller til, seier Kim Slaake.

– Dette ordnar seg til slutt, seier han.