Hopp til innhold

Lyste med laser inn i cockpiten

Norwegian ser svært alvorleg på at det blei lyst med laser inn i cockpiten på eit passasjerfly, som gjekk inn for landing på Sola i går kveld.

Norwegian-fly

Då eit Norwegian fly skulle inn for landing på Stavanger lufthavn Sola måndag kveld oppdaga piloten at nokon lyste med laser inn i cockpiten.

Foto: Kleiven, Paul / SCANPIX

I går kveld skjedde det endå ein gong.

Eit Norwegian passasjerfly skulle gå inn for landing på Stavanger lufthavn Sola. Då dei skulle fly over bydelen Stokka oppdaga dei eit kvitt lys inne i cockpiten.

Nokon var ute å leika seg med laserpenn. Ein aktivitet politi og flygarar har åtvara mot fleire gonger.

– Kan blenda piloten

– Dessverre skjer dette frå tid til anna, og det er noko me i Norwegian ser svært alvorleg på, seier kommunikasjonsrådgjevar i bedrifta, Astrid Mannion.

Ho forklarar at dette går ut over flytryggleiken, og at konsekvensane kan vera svært alvorlege.

– I verste fall kan ein blenda piloten, med dei følgjene det kan medføra, seier ho.

– Må slå hardt ned

Politiet blei varsla om tilfellet i går klokka 19:53 etter flyet hadde landa trygt.

Dei rekna med at dei som var ute og lyste var i område Sandal vest.

Norwegian meiner det er viktig at problemet blir tatt på alvor.

– Dette er ein ting ein må slå svært hardt ned på. For dei rammar heile flytryggleiken, seier Mannion.