Hopp til innhold

Ekstremvêret råkar ferjer og straumtilførsel

Ekstremvêret «Nina» kjem og til Rogaland. Fleire plassar er straumen borte, og dei fleste ferjesambanda har stilt inn trafikken.

Uvær ved Kvernevik i Stavanger

Vasspruten trefte hardt ved Kvernevik i Stavanger på laurdag.

Foto: Ole Andreas Bø

– Me har ekstra folk i bakvakt og alle køyretøy er gjort klare og fylt opp med drivstoff, opplyser kommunikasjonsrådgivar Ingvild Ween i Lyse.

Ho fortel at fleire montører allereie er ute for å reparere feil på straummaster og nettstasjonar.

– Det er litt å gjere, for å sei det slik, fortel ho.

Totalt har det vore fem straumbrot på halvannen time laurdag formiddag. Fleire tok nokre timar å reparere.

Les ekstremvarselet frå yr.no.

Innstilte ferjer

Birger Lødner sjekka båtane sine laurdag

Aukande vasstand til trass, båteigar Birger Lødner trur det går bra for sine to båtar. Båtforeiningar rundt om i fylket oppfordrar folk til å sjekka båtane sine.

Foto: Ole Andreas Bø

På den utsette ferjestrekninga over Boknafjorden, har Fjord 1 varsla at dei nå stiller inn all trafikk, og at det ikkje forventast at sambandet opnast opp igjen i løpet av laurdagen, på grunn av uvêr.

Også Tau-Stavanger, Hjelmelandsruta og Kvitsøy-Mekjarvik er innstilt.

Ferjene mellom Lauvik og Oanes melder og om forseinkingar grunna sterk vind.

Rogaland politidistrikt har auka bemanninga på grunn av det varsla uvêret.

– Rogaland politidistrikt aukar den operative styrken og styrken inne på operasjonssentralen, sa operasjonsleiar Victor Jensen i Rogaland politidistrikt fredag.

I går blei nesten alle avgangar og ankomstar frå plattformene i Nordsjøen kansellert eller forseinka på grunn av dårleg vêr.

Laster Twitter-innhold

Her kan du bli oppdatert:

Kraftige vindkast utover laurdagen

Ekstremvêret «Nina» er venta å treffa Vestlandet laurdag, og laurdag morgon blei det klart at også Rogaland rammas av ekstremværet.

Det er venta vindkast på opp mot 45 meter per sekund, og bølgar på mellom 12 til 14 meter. Orkanen treffer nord mot Hordaland, men det er varsla full storm i Rogaland, og med kraftige vindkast.

Det er stort skadepotensial i desse kasta, og ifølge meteorologen ser det ut til at vinden vil auka på frå om lag klokka 16 og utover. Den verste vinden vil vera overstått rundt midnatt.

Laurdag er det venta auke til vestleg full storm utsette stadar i Rogaland. Nord i full er det venta sterk storm. I tillegg varslas det store nedbørsmengder på mellom 50 og 80 millimeter.

Det er også venta høge bølger inn mot kysten, opp mot 12–14 meter.