Hopp til innhold

– Eg trudde ikkje det var mogleg

Natt til torsdag vakna Lars Sigve Levik (49) og kona av eit smell. Då dei gjekk ut for å sjå kva som hadde skjedd var pipa på huset vekke.

Lynet tok pipa

FORSAND: Slik ser huset i Lysefjord hyttegrend i Forsand kommune ut etter den dramatiske natta.

Foto: Privat

– Det smalt noko veldig, så me var kjappe ut av senga kona og meg, fortel Lars Sigve Levik om dramaet som skjedde rundt midnatt natt til torsdag.

Eit kraftig lynnedslag hadde treft huset deira som ligg ute ved fjorden i Lysefjord hyttegrend like ved Oanes. Straumen gjekk i store delar av bygda, då trafokiosken like ved huset også rauk.

Røyk i heile huset

Då Lars Sigve kom seg ut av senga oppdaga han at det var røyk i heile huset. Stikkontakt-deksel hadde blitt skotne ut frå veggane, og elektriske leidningar var smelta.

– Me frykta jo at det brann, men då me lufta ut fann me ut merka me at det truleg ikkje var snakk om brann, heller ikkje inne i veggane, seier Lars Sigve.

Den store overraskinga fekk han likevel då han gjekk ut av huset.

– Det låg svære kvite steinar i gardsrommet. Eg tenkte: 'kva søren er dette', fortel han.

Då han kikka opp på hustaket såg han at heile pipa var vekke.

– Ei dobbelpipe med leca var skoren rett av. Eg trudde ikkje det var mogleg eingong, seier han.

Lyn natt til torsdag

Meteorologisk institutt registrerer lynnedslag. Her kan ein sjå at det var ein del lynaktivitet natt til torsdag, då Lars Sigve mista pipa.

Foto: Meteorologisk institutt

Ein del lyn

Hos Meteorologisk institutt har dei registrert ein del lynnedslag i Rogaland den aktuelle natta, likevel har Levik vore maks uheldig.

– I området rundt her høyrde me berre dette eine nedslaget denne natta, og det hamna midt i pipa vår, seier mannen som nå må få seg ny pipe og skifta ut store delar av det elektriske anlegget sitt.