Hopp til innhold

Lyn og torevêr fører til straumstans

Eit par tusen husstandar har vore utan straum i Lund og Sokndal laurdag ettermiddag på grunn av lyn og torevêr.

Lund og Sokndal

– Det er kommunane Lund og Sokndal som er råka av straumstansen. Til saman er det snakk om nokre få tusen husstandar. Desse har vore utan straum ein halvtimes tid, men nå har dei fleste fått den tilbake igjen, seier Terje Egeland i Dalane Energi til NRK.

Han fortel av straumen koplar ut på grunn av lynnedslag i linjenettet.

– Me er ute og sjekkar linjene nå. Det kan også vera andre feil som ikkje er oppdaga.