NRK Meny
Normal

Her har elevane hatt lus heile skuleåret

Røyneberg skole i Sola har vore plaga med lus i månadsvis. I dag fekk elevane gratis lusekammar.

Lus på Røyneberg

Johan Molte Røssvik, Nicolai Nymann Samuelsen og Live Trondstad Espeseth fekk i dag delt ut kvar sin lusekam. Håpet er at lusa endeleg skal forsvinna frå Røyneberg skule i Sola.

Foto: Maren Ege Tjoflåt

– Eg blir frustrert når lusa kjem igjen og igjen. Dei kryp på rundgang mellom elevane, og me blir ikkje kvitt luseplagene, seier Synnøve Hopen i FAU ved Røyneberg skole.

Ho er lei av lusa dei ikkje blir kvitt på skulen. Sidan skulestart i august har elevane hatt lus.

Etter fleire mislukka kampanjar før jul, bestemte FAU seg for å ta grep.

Eg blir frustrert når lusa kjem igjen og igjen.

Synnøve Hopen, FAU ved Røyneberg skole

LES OGSÅ: Klør det i hue?

LES OGSÅ: Sal av lusemiddel har eksplodert i Sogn og Fjordane - opplever den største veksten

Alle må sjekka på likt

Synnøve Hopen

Synnøve Hopen, FAU ved Røyneberg skole.

Foto: Maren Ege Tjoflåt

I dag blei det derfor delt ut lusekammar på skulen. Håpet er at alle foreldre og føresette nå sjekkar barna sine på likt – slik at ein nå endeleg kan bli kvitt lusa.

Ei brukarundersøking ved skulen viser at ikkje alle foreldra sjekka barna sine for uønskte insekt.

LES OGSÅ: – Foreldre tek lus meir på alvor

LES OGSÅ: Programlederen ble kvitt lusa

Det klør veldig.

elevar ved Røyneberg skole

– Dumt med lus

I skulegarden på Røyneberg sparkar Halvard Hopen og Celio Solaune rundt på sparkesyklar. De fekk kammen i sist veke og har alt nå sjekka seg for lus.

Dei synst det er synd at lusa ikkje forsvinn frå skulen.

– Det er ganske dumt at lusa har kome hit. Det klør veldig, seier dei.

FAU oppmodar nå foreldra til å sjekka barna sine for lus ein gong i veka.

– Eg har sjølv oppdaga lus på meg sjølv og mine eigne barn. Barnet mitt har hatt lus så mange gonger at me har klippa bort delar av håret som før var langt og tjukt, seier Synnøve Hopen i FAU ved Røyneberg skole.