Lund og Sokndal ramma av straumstans

Med eit kvarters mellomrom blei begge hovudstraumslinjene inn til Lund kommune slått ut i dag tidleg. I tre timar var kommunen utan straum, framleis er det folk som ikkje har fått straumen tilbake.

Laster kart, vennligst vent...

Dei to straumlinjene som er slått ut kjem frå retning Sokndal og Sira. Sira-linja er reservelinja og var den siste som blei slått ut.

– Det er veldig uvanleg. Eg har aldri opplevd dette før, seier John Skåland, som er beredskapskoordinator i Lund kommune.

Klokka 05.15 i dag tidleg kom det inn melding om at hovudstraumslinja frå Sokndal var slått ut.

Dermed blei reservelinja frå Sira kopla inn, men femten minutt seinare kom det melding om at også denne var slått ut. Dermed var kommunen på 3200 personar utan straum.

Reservestraum tilbake

John Skåland

John Skåland er beredskapskoordinator i Lund kommune.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

For beredskapskoordinatoren har det vore ein travel morgon. Aggregat blei sett i gang på sjukeheimar og pumpehus.

Men i nitida kom meldinga om at ei reservekopling frå Sokndal var kopla inn, og at dei fleste i kommunen skal ha fått straumen tilbake.

Det gjeld likevel ikkje for alle. Hovsherad har ennå ikkje straum.

Samstundes jobbar Dalane nett med å få tilbake straumen frå hovudforsyningane.

– Me har helikopter ute nå, for å leita etter kva som er gale med hovudlinja frå Sokndal. Me trur det kan vera snø eller eit tre som har falt, seier beredskapsleiar i Dalane nett, Idar Sønstabø til NRK klokka 9.

På reservelinja har dei funne feilen. Det er ein knokken del. Det vil ta nokre timar å skifta denne ut.

Medan dette arbeidet går føre seg oppfordrar dei folk til å redusera straumbruken.