Hopp til innhold

Lukka politisk møte i FKH-saka

I dag klokka 12.30 er det ekstraordinært og lukka formannskapsmøte i Haugesund kommune. På møtet skal ordføraren orientere om kva som skjer i saka der FK Haugesund skuldar kommunen 11 millionar kroner i stadionleige. Ei gjeld FKH slit med å betale. Det er ikkje venta noko endeleg avgjerd på møtet i dag, skriv Haugesunds avis.

Haugesund Stadion før kampstart mot Brann 17.6.20
Foto: Kees Fjellvang / NRK