Hopp til innhold

Lovar hyppigare promillekontrollar til sjøs

Kvart år døyr rundt 30 personar i samband med bruk av fritidsbåt, og kvar fjerde ulukke knytast til promille. 31.000 vestlendingar førte båt med promille i fjor, no lovar politiet hyppigare kontroll på sjøen.

Båt og alkohol

FLEIRE KONTROLLAR: Politiet skal i år ha endå fleire promillekontrollar til sjøs.

Foto: Berge, Asbjørn Odd / Asbjørn Odd Berge/NRK

– Ideen om den gamle styrepilsen heng nok litt att. Når det er såpass høg alkoholgrense som 0,8 promille på båtar under 15 meter, så spekulerer nok folk i at ein kan nyta litt alkohol før ein blir straffa for det, seier Åge Vatnedal, politioverbetjent i Rogaland politidistrikt, som har vore aktiv med tryggleiksarbeid til sjøs i mange år.

Fleire kontrollar

Åge Vatnedal

POLITIOVERBETJENT: Åge Vatnedal

Foto: Marte Skodje / NRK

Ei ny undersøking frå alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL viser at 89 prosent av rogalendingane meiner at alkohol og båtføring ikkje høyrer saman.

– Det viser at det er forskjell på teori og praksis, seier Vatnedal.

– Det at folk likevel drikk på sjøen, er det fordi dei trur moglegheita til å bli tatt er for liten?

– Ja, tradisjonelt sett har det vore mindre kontroll på sjøen enn på land. Men no har distriktet vårt satsa på sjøtenesta, så me skal vera meir synlege enn nokon gong. Sjansen for å bli tatt aukar.

Mørketal

Kvart år døyr rundt 30 personar i samband med bruk av fritidsbåt i Noreg, og kvar fjerde ulukke knytast til promille, viser undersøkinga til AV-OG-TIL. 31.000 vestlendingar førte båt med promille i fjor, men Vatnedal trur det er mørketal.

– Det tykkjer eg er beklageleg, og det forundrar meg at talet er så høgt. Det er nok ein del mørketal i tillegg til det me har avdekka på våre kontrollar, seier han.

– Mange av dei ulukkene me kjem over, der er ofte promille årsak til ulukka.

– Kvifor er promille til sjøs så skummelt?

– På sjøen er du så avhengig av vêr, vind, havstraumen. Det er ingenting som står stille. På land kan har du ein moglegheit til å stoppa opp og tenka, på sjøen må du handla umiddelbart og heile vegen, seier Vatnedal.