NRK Meny
Normal

Lovar store endringar i jordbruksmeldinga

I dag legg næringskomiteen på Stortinget fram si innstilling til endringar i regjeringa sitt forslag til jordbruksmelding.

Geir Pollestad

Sp-politikar Geir Pollestad har gått til angrep på regjeringa sitt forslag til jordbruksmelding. Han sit i næringskomiteen og lovar at dei har gjort store endringar.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– I dag er me spente, og me gler oss til å få meldinga frå næringskomiteen. Me håpar dei har gjort betringar, slik at det blir leveleg for den norske bonden, seier leiaren i Bondelaget i Rogaland, Marit Epletveit.

Jordbruksmeldinga som regjeringa la fram i desember i fjor har blitt møtt med protestar frå mange bønder.

– Meldinga er eit angrep på mange av dei gode ordningane som me har. Og me fryktar litt danske tilstandar der me ikkje har kontroll på pris, og der me ikkje har gode leveringsvilkår, seier Epletveit.

Bonde Marit Epletveit

Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.

Foto: Mari Friestad / NRK

Vil ha store endringar

Det er Stortinget som til slutt skal vedta innhaldet i jordbruksmeldinga. I dag kjem næringskomiteen med si innstilling.

– Me håpar dei har ordna på beitetilskotet, slik at me framleis kan ha dei flotte kulturbeitene som me har her i Rogaland. Og så ønsker eg meg avløysartilskotet inn igjen og behalda det slik som dagens ordning. Og me håpar at marknadsordningane held fram, og at dei blir drifta av samvirke framover, seier ho.

Geir Pollestad (Sp) har vore saksordførar for næringskomiteen sitt arbeid med jordbruksmeldinga. Han kan førebels ikkje gå inn på detaljane, men lovar at dei vil gå inn for å gjera store endringar.

Trur bøndene blir fornøgde

– Regjeringa si jordbruksmelding har vore gjennom ein «bli ny»-dag. Den er ikkje til å kjenna igjen og det er eg veldig glad for, seier Pollestad.

Trur du bøndene blir fornøgde?

– Eg trur både bondelaget og norske bønder blir fornøgde med det som blir lagt fram. Dei vil sjå at det er noko anna enn det regjeringa gjekk inn for, seier stortingsrepresentanten.

Utspelet får likevel ikkje bondelagsleiaren til å hoppa i taket.

– Me forventar ein ny vri. Elles hadde dei ikkje jobba med dette så lenge med dette, seier Epletveit.

Stortinget skal gå inn for ei endeleg jordbruksmelding 28. mars.