NRK Meny
Normal

Etterlyser huskjøpar - dusør: 25.000 kroner

Bustadsalet i Stavanger går tregt, og mange slit med å få selt til den prisen dei ønskjer. Jarl Østhus har sett seg nøydd til å gå nye vegar for å finna den rette kjøparen.

Jarl Østhus

FÅR IKKJE SELT: Jarl Østhus slit med å få selt leilegheita på Eiganes.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Seks visingar utan resultat, der nokre av dei har vore heilt folketomme. Jarl Østhus har prøvd og prøvd, men resultatet har ikkje stått i stil til innsatsen. No lovar han ut 25.000 kroner i dusør til den som klarar å finna ein kjøpar. I første omgang har han prøvd å freista dei som bur i same burettslag på Eiganes.

– Då må dei gjera ein liten jobb med å ta kontakt med vener, kjende og familie, og sjå om det er nokon som kan tenkja seg å flytta hit, seier han.

Går nedover

Å selja bustad i Stavanger er slett ikkje like lett som før. Både i fylket som heilskap og i Sandnes og Stavanger, var prisnedgangen på to prosent i oktober . Det blir selt 30 prosent færre bustadar i Stavanger enn på same tid i fjor. Leilegheita på Eiganes har vore for sal i snart eit halvt år, utan at den rette kjøparen har meldt seg.

– Det er kreativt i ein tung marknad, og det skapar jo ein del blest. Spesielt når han er førstemann som gjer det, men det spørst om nummer ti som prøver det same, får den same effekten, seier Stian Miljeteig, nestleiar i Rogaland Eiendomsmeglerforening.

Er det verdt det?

Stian Miljeteig

TRUR DET KAN FUNGERA: Stian Miljeteig er nestleiar i Rogaland Eidendomsmeglerforening.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Miljeteig har sjekka med andre meklarar, og ingen av dei har høyrt om eit slikt stunt, men han har trua på at Østhus kan få napp.

– Ja, eg skal ikkje sjå vekk ifrå at det kan verka for å finna den eine kjøparen du treng, seier Miljeteig.

– Er det mykje kreativitet i den situasjonen som er no?

– Også dei store og tunge aktørane har begynt med ulike løysingar. I OBOS er det bustadbytte, omtrent som bilbyte: at ein leverer inn sin gamle bustad når ein kjøper ny.

– 25.000 kroner er pengar som seljar fort må gå ned i ei bodrunde uansett, så slik sett er det ikkje eit veldig stort beløp i det store og heile, seier Miljeteig.

Egenes park

FREISTAR NABOANE: Østhus freistar naboane med 25.000 kroner, om dei klarer å finna ein kjøpar til leilegheita hans.

Har gitt seg sjølv tidsfrist

På Eiganes har stuntet førebels ikkje gitt resultat, eit døgn etter at Østhus la ut lappane i postkassane til naboane. Men innan seks veker, då skal den vera seld.

– Det er tøft å selja i desse dagar, men no har eg bestemt meg: den skal gå før jul, seier Østhus.

– Er det eit desperat forsøk på å finna ein kjøpar?

– Desperat, kreativt ... Det er viktig å sjå nye vinklingar når resultata uteblir, etter ei tid med visingar og marknadsføring, seier han.