Sevland kom med nyheita under eit stormøte om framtida for Ryfast. I går kveld var det eit møte i Stavanger mellom dei viktigaste politikarane, og det er bakgrunnen for at Sevland kan kome med denne lovnaden.
Varaordfører i Strand, Tor Egil Fjelde, ønskar bidraget velkommen. Han seier at dette aukar sjansane for at Ryfast kan gjennomførast.
Stormøte
I dag er formannskapa i både Stavanger og Sandnes på Jørpeland saman med representantar frå ryfylkekommunane for å diskutere framtida for Ryfast. Også vegsjef og fylkeskommunen er representert.
Møtet har kome i stand etter at det er reist betydeleg tvil rundt om Ryfast i det heile tatt kan byggast. Årsaka er den kraftige auken i prisen og stadige utsettingar som følge av vanskelege trasèval i Stavanger. Prisen er no komen opp i 4,2 milliardar kroner.