Hopp til innhold

Loppemarknad for morgonfuglar

Er du glad i gamle lopper bør du stå opp tidleg. Alt klokka 06 fredag går startskotet for loppemarknaden til NRK Rogaland.

– Eg trur me er den einaste loppemarknaden som opnar alt klokka 06 om morgonen, seier programleiar i NRK Rogaland, Bjørn Olav Skjæveland.

Per Øystein med motorsag

Programleiar i NRK Rogaland, Per Øystein Kvindesland.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland

Saman med kollega Per Øystein Kvindesland har han samla saman gamle lopper i kantina til NRK Rogaland på Ullandhaug.

Her finn du ei gul motorsag, ein svart stressless, eit lass med cd-ar, ein haug med bøker og hekla brikker - berre for å nemna noko.

Til og med den gamle NRK-koppen til Engwall Pahr-Iversen, den mangeårige programleiaren i NRK Lokalen, er å finna i loppehaugen.

– Folk kan komma frå 06 og utover og kjøpa det dei vil ha. Inntektene går til årets tv-aksjon, altså Amnesty, seier Kvindesland.

Så er du interessert i å gjera eit aldri så lite kupp på seinhausten, er det berre til å stilla vekkeklokka tidleg fredag morgon.