Hopp til innhold

Mange lokalaviser slit: Etter ho tok over som redaktør har det berre gått nedover

Alise Lea Tiller tok nyleg over som redaktør i Dalane Tidende, og har allereie permittert tilsette og kutta måndagsavisa. Nå fryktar interesseorganisasjon at lokalaviser vil gå under.

Alise Lea Tiller

Alise Lea Tiller er ei av fleire lokalavisredaktører som har opplevd ein enorm svikt i annonsesalet den siste tida.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det store paradokset er jo at når det er mest behov for oss, så slit me mest, seier den ferske redaktøren og daglege leiaren i Dalane Tidende, Alise Lea Tiller.

Ho starta i jobben i mars, og tok over skuta første april. I den første månaden hennar forsvann om lag 50 prosent av alle annonseinntektene, og nesten alle som jobbar med grafikk og annonsesal er heilt eller delvis permittert.

Frå og med neste veke kuttar ho måndagsavisa, for å spara pengar på sundagsarbeid.

– Me skulle sjølvsagt vore utan dette tiltaket, men me såg at det var det beste valet for å bevara journalistikken, seier Lea Tiller.

Kan føra til konkursar

Og ho er ikkje åleine i dei tøffe tidene.

Jærbladet og Agder har også «flytta» måndagsavisa til tysdag. Laagendalsposten har på grunn av koronakrisa framskunda avgjersla om å droppa tysdags- og laurdagsavisa, skriv Medier 24.

Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, LLA.

Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Annonsesvikten kjem mellom anna på grunn av at bransjar som styresmaktene stengde trekte annonsane sine, medan annonsebehov for festivalar og arrangement i sommar er vekke.

Ifølgje Medietilsynet sine utrekningar vil norske mediebedrifter tapa inntekter på til saman 930 millionar kroner frå mars til mai.

Situasjonen for norske lokalavisene er nå så alvorleg, at det kan bety konkurs, meiner generalsekretær i interesseorganisasjonen Landslag for lokalaviser, Tomas Bruvik.

– Dersom krisepakka til media blir ståande som ho er, fryktar eg at det er aviser som ikkje vil greia seg ut året, seier Bruvik.

Krisepakka er ein del av revidert nasjonalbudsjett, som blir presentert tysdag. I grove trekk kan ho gi 60 prosent kompensasjon til lokalaviser som har mista minst 15 prosent av omsetnaden sin.

270 permitterte i Amedia

Hovudproblemet, meiner Bruvik, er at ordninga berre skal gjelda frå 1. mars til 5. juni, når han meiner krisa vil vara mykje lengre for dei lokale avisene.

Dei har gjort ei undersøking i 62 av medlemsavisene sine der heile 38 prosent svarer at dei har mista mellom 50 og 75 prosent av annonseinntektene sine i april.

Meir enn halvparten av avisene svarer i same undersøking at dei har permittert tilsette.

For Amedia, som eig 75 norske lokalaviser inkludert Dalane Tidende, har annonsesvikten ført til at 15 prosent av arbeidsstokken på 1800 nå er heilt eller delvis permitterte.

Pål Nedregotten

Pål Nedregotten er konserndirektør for innovasjon, forretningsutvikling og strategisk analyse i Amedia.

Foto: Amedia

– Situasjonen er svært alvorleg. Dette er mykje verre enn finanskrisa, som fram til nå er det som har ramma oss hardast, seier konserndirektør i Amedia, Pål Nedregotten.

Heller ikkje han er nøgd med krisepakka, slik ho ser ut i dag.

– Vi ønsker ein kompensasjon for fall i annonseinntekter, ikkje omsetnad. Det ville treft mykje reinare og vore eit meir presis form for hjelp. Slik forslaget er nå, hjelper det oss ikkje i stor grad, seier Nedregotten.

Krisepakken skal saman med resten av revidert nasjonalbudsjett behandlast av Stortinget, og blir vedtatt i midten av juni.