Løftar «skuggane» fram før jul

Kirkens Bymisjon og Rogaland Teater vil løfta fram dei som lever på skuggesida av vår velstand i ein ny video.

Video fra Bymisjonen/Rogaland Teater.

VIDEO: Sjå videoen «Det e me som e skyggene».

– Når me ikkje får til noko trekkjer me oss gjerne unna og blir litt skuggeaktige. Du treng ikkje vera rusmisbrukar eller ha store problem for å kjenna deg igjen.

Det seier Roar Kjølv Jenssen om videoen «Det e me som e skyggene».Han er musikar, tekstforfattar og ideskapar til filmsnutten.

Det var etter felleskonserten til Kirkens Bymisjon og Rogaland Teater i St. Petri kyrkja i Stavanger 7. desember, «Me jule deg opp», Jenssen fekk ideen til å spela inn videoen.

Under konserten bidrog nokre av brukarane til Kirkens Bymisjon til programmet.

– Veldig mange blei rørte under konserten og eg tenkte me måtta laga ein video. Den er ikkje til inntekt for noko, men er spelt inn for å fortelja om dei som ikkje har det så lett i jula.

Videoen har blitt delt på Facebook og har hatt 2.500 sidevisingar på 1,5 døgn.

– Eg tenker å gå vidare med prosjektet. Eg trur det finst historier som kan forteljast. Det er vanskeleg å seia kva uttrykk det skal få, men eg har lyst å visa det fram på ei scene, seier Jenssen.

John Sikveland er stemma i videoen, mens Jorunn Hodne og Eli Cleve står for bilete og video.