– Me oppdagar frå tid til anna liknande tilfelle med overvaking av tilsette, men så ille som dette trur eg ikkje me har sett før, seier Øystein Langholm Hansen, som er distriktssekretær ved LO sitt distriktskontor i Rogaland.
Han kommenterer avsløringane som NRK i går kunne presentera om at tilsette i veskebutikken Michael Kors i Stavanger blir overvaka av kamera til ei kvar tid, og at sjefen sit på bakrommet og gir instruksjonar via øyreproppar.
Dette er saka:
VIDEO FRÅ 13. MARS: Tilsette ved Michael Kors blir styrt frå bakrommet.
- Les òg:
Ulike arbeidskulturar i internasjonal by
Langholm Hansen dreg parallellar tilbake til 70-talet då internasjonale oljeselskap etablerte seg i Stavanger.
– Dei hadde med seg ein amerikansk arbeidskultur som ikkje var kjent i Norge. Det same var til ei viss grad tilfelle for fast-food-kjedene, men me klarte å slå tilbake den gong, og me skal nok klara det igjen, seier han.
Han meiner at LO har ei viktig rolle når det kjem nye arbeidskulturar til landet gjennom store kjedar.
- Les òg:
- Les òg:
– Praksisen til Michael Kors er relativt vanleg ute i verda. Me må berre motarbeida den når den kjem her, og me må sørgja for at den norske tillitsmodellen slår gjennom. Me må forklara arbeidstakar og arbeidsgjevar at dette er den beste måten å driva på.
– Korleis skal de gjera det?
– Me må driva oppsøkande arbeid, og folk som opplever dette må også koma til oss. Me har til dømes den store sommarpatruljen som reiser rundt for å sjå om arbeidsforholda er greie. Dersom me gjer funn så koplar me på Arbeidstilsynet og eventuelt Datatilsynet, seier han.
Ingen kommentar frå Michael Kors
Det har ikkje lukkast NRK å få ei utsegn frå Michael Kors om overvakingssaka. Me har fleire gonger forsøkt å snakka med både butikksjefen i Stavanger, butikksjefen i Oslo og distriktsmanageren for Skandinavia, men har blitt vist vidare til Michael Kors sine PR-ansvarlege i London. Dei har valt å ikkje kommentera påstandane.