Hopp til innhold

Vil ha homo-handlingsplanar i alle kommunar

Landsforeningen for lesbiske og homofile vil at alle kommunar i landet skal ha eigne handlingsplanar for korleis dei skal behandle innbyggjarar som ikkje er heterofile. Landets minste kommune går i spissen.

Dan-Henning Ness

Følg Utsira og Stavanger og lag ein kommunal handlingsplan, seier leiar i LLH Rogaland, Dan-Henning Ness.

Foto: Jørgen Finstad / NRK

Ifølge LLH er det innbyggjarar som enten er lesbiske, homofile, bifile, trans- eller intersexpersonar i alle kommunar i Rogaland.

– Problemet er at berre eit fåtal viser igjen og har ein tydleg stemme i heimkommunen sin, seier Dan-Henning Ness, leiar i LLH Rogaland.

Skryter av Utsira

Norges minste kommune, Utsira, vedtar snart ein handlingsplan for korleis kommunen skal vera open for behova til dei som ikkje er heterofile.

Blant anna skal grunnskulen på øya få ansvaret for at ungane får vita korleis det er å vera homofil. Planen skal bidra til å førebygge mobbing og einsemd blant dei som ikkje er heterofile.

Marte Eide Klovning

I formannskapet i mars skal ordførar i Utsira, Marte Eide Klovning, og resten av formannskapet vedta ein handlingsplan for homofile i kommunen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Dette er spesielt viktig hos oss som har få elevar på skulen, seier ordførar i Utsira Marte Eide Klovning

Saka skal opp til behandling i marsmøtet i formannskapet.

– Me veit av erfaring at for mange homofile i små kommunar, har einaste alternativet vore å flytta til ein storby. Først der kan dei stå fram og føle seg frie, seier Dan-Henning Ness.

Slik sett meiner han at Utsira gjer eit grep for å stansa fråflytting gjennom å innføre denne planen.

Dei største må ta steget først

Til saman har 28 kommunar og fylkeskommunar laga handlingsplanar.

Rogaland fylkeskommune har gjort det, men den er ifølge LLH "altfor generell og utdatert i dag".

Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), vil gjerne at hans kommune skal lage ein handlingsplan for homofile.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

Stavanger er i gang med sin tredje handlingsplan.

– Men kva med dei største kommunane etter Stavanger, spør Dan-Henning Ness, leiar i LLH i Rogaland.

Han utfordrar nå Sandnes, Haugesund, Sola eller Randaberg til å bli den neste kommunen.

Sandnes melder seg på

Og nå kjem signal om at Sandnes kan stå for tur.

Ordførar Stanley Wirak frå Ap kjenner ikkje godt nok til kor omfattande dette arbeidet kan bli, men vil likevel gjerne gi foreløpig eit positivt signal.

– Det er spesielt viktig for oss å vise positiv interesse, sidan kyrkja i Sandnes har vore så tydleg på defensiven når det gjeld homofile, seier Wirak.