NRK Meny
Normal

Livredde for å gå over bru

Men det vil ta år før ei ny jernbanebru er på plass i Egersund.

smalt fortau
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Brua har ikkje plass til delelinje, og fortaua er 60 cm breie.

Brua er hovudinnfartsåra til Egersund via Riksveg 44, og kan tidlegast bli fullt erstatta med ny i 2015.

- Er ikkje plass til andre

Det bekymrar sykkelpostbud Gunnar Talgø sterkt. Han må dagleg over brua med posten.

- Nei det er så utruleg smalt. Det kjører store bilar her, slik at det ikkje er plass til andre. Her bør det skje noko veldig raskt, seier Talgø.

Vil ta tid

Transportplanen for Dalane kan tidlegast bli realisert i 2011. Byggekloss to, som ny jernbanebru er ein del av , vil ikkje komma i gong før tidlegast 2014, ifølgje Fylkesvaraordførar Ellen Solheim.

- Me snakkar nok om ein tre-fira år før det kan skje. Først skal saka godkjennast i stortinget, og me har tru på at det kan skje i løpet av året, seier Solheim.

- Har øvste prioritet

Varaordførar Solveig Ege Tengesdal seier at ny bru på Eie har øvste prioritet.

- Det er jo ei strekning som har hasta lenge, difor er den høgt prioritert i transportplan for Dalane. Me har fokus på å få den på plass så snart som mogleg.

Syklistar tør ikkje sykla over brua, dei funksjonshemma har problem med å ta seg fram med rullestol, og trailertransporten klarer ikkje å passera kvarandre. Held jernbanebrua mål med tanke på trafikken som kjem i framtida?

- Sånn som det er per i dag, så gjer den ikkje det. Difor har den høgste prioritert, og difor må me få ein transportplan på plass sånn at me får ordna dette.

Ny Eigerøy-bru gjekk foran

Men politikarane har nedprioritert dette til fordel for Eigerøy bru, ifølgje Fylkesvaraordfører Ellen Solheim.

- Det som er tilfelle er at transportplanen var ute på høyring til dei ulike kommunestyrene. Det kom ikkje noko forslag tilbake til oss om å la ny jernbanebru gå foran ny Eigerøy-bru, seier Solheim.