Livlaus person henta opp av sjøen

HÅ (NRK): Ved Ogna camping i Hå er ein livlaus person henta opp av sjøen. Mannen i 60-åra er flogen til sjukehus i helikopter.

Livlaus person henta opp av sjøen ved Ogna camping i Hå

ULUKKE: Fleire naudetatar rykka ut til Ogna på Jæren då ein mann blei funnen livlaus i sjøen fredag kveld.

Foto: Carina Johansen

– Mannen blei funnen i sjøkanten av vitne. Det er uvisst kor lenge han har vore i sjøen, og kva årsaka til hendinga er, tvitrar politiet litt etter klokka 21.30 fredag.

Meldinga om at ein livlaus person var henta opp av sjøen kom til Sør-Vest politidistrikt litt før klokka 20 fredag kveld. Klokka 20.30 melde dei at naudetatane var på staden.

Personen, ein mann i 60-åra, fekk livreddande førstehjelp. Ikkje lenge etter blei han flogen til Stavanger universitetssjukehus (SUS) i helikopter for vidare behandling.

Noko meir om tilstanden hans veit ikkje politiet, ifølgje operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit.

Etter at mannen blei send til sjukehus var politiet framleis på staden for å finne ut meir om kva som skjedde før mannen blei funnen livlaus.

– Politiet har oppretta ei undersøkingssak. Vi har avslutta på staden nå, seier Ragnhildstveit like før klokka 22.

Laster kart, vennligst vent...

Ogna ligg heilt sør på Jæren, i Hå kommune.