Hopp til innhold

Livlaus person funnen i vatnet i Stavanger

Ein person vart funnen livlaus i vatnet i Stavanger. Helsepersonell har frakta personen til sjukehus, men livet sto ikkje til å redde.

Politiet meldte 12:14 søndag ettermiddag at ein person var funnen livlaus i vatnet utanfor Bjergsted nord for Stavanger sentrum. Alle naudetatar var på staden.

Ein mann vart teken inn til land og helsepersonell var i gang med hjarte- og lungeredning. Han vart seinare frakta til sjukehus.

Klokka 13:19 melder politiet at mannen var bekrefta død. Dei har ikkje bekrefta identiteten til mannen, men har ei formeining om kven det er.