Litt Moskva på Foldøy

Sjå innslaget frå 1991 – då Kristoffer Søndenå viste fram kva han hadde gjort med løa si på Foldøy i Ryfylket. Inspirasjonen var henta frå Russland.

Sjå innslaget frå 1991 – då Kristoffer Søndenå viste fram kva han hadde gjort med løa si på Foldøy i Ryfylket. Inspirasjonen var henta frå Russland.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i TV-Rogaland 13. november 1991.

Den nå avdøde Kristoffer Søndenå dreiv i si tid Søndenå plantesal i Sandnes. Då han gjekk av med pensjon var han mykje på sommargarden sin på Foldøy i Ryfylke. Her dekorerte han løa si på ein noko spesiell måte, etter å ha blitt inspirert i Moskva.

Nå skal Søndenå plantesal legga ned, og Rogaland retro-redaksjonen meiner derfor at det er på høg tid å blåsa støvet av denne perla av eit innslag.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK