Hopp til innhold

– Ikkje hald i meg, eg skal på toalettet

Johannes Lunde ville ikkje kommentera aktoratet sin påstanden om sju års fengsel i Stavanger tingrett i dag. Forsvararen til Lunde seier at han ikkje er overraska over påstanden.

Lunde-rettsaka går nå mot slutten i Stavanger Tingrett. I dag la aktoratet ned sine påstander og både Johannes Lunde og Morten Berg risikerer lang fengselsstraff dersom aktoratet vinn fram i retten.

SJÅ VIDEO: Johannes Lunde var lite interessert i å snakka med NRK sin reporter om påstanden om sju års fengsel.

I retten i dag bedde aktoratet om sju års fengsel for Johannes Lunde og 6,5 år fengsel for medtiltalte Morten Berg.

Dei to er tiltalte i ei av landets største konkurssaker for grovt økonomisk utruskap, underslag og heleri.

Ville ikkje snakka

Verken Johannes Lunde eller Morten Berg, ville i dag kommentera påstanden frå aktoratet.

Då NRK sin reporter tok Lune i armen for å prøva å få ein kommentar fekk han passet påskrive.

– Ikkje hald i meg, eg skal på toalettet, var alt Lunde hadde å seia.

Forsvararen hans, Bjørn Kvernberg, hadde likevel meir på hjarta.

– Det er ingenting ekstraordinært med påstanden frå aktoratet slik dei har lagt opp saka, seier Kvernberg.

– Du forventa altså at det skulle bli så strengt?

– Ja, ut frå korleis dei har lagt opp saka. Men me er sjølvsagt sterkt ueinige i måten dei har framstilt saka på.

– Kunne ikkje kontrollera alt

Kvernberg reagerer altså på korleis aktoratet har lagt opp saka i retten.

– Eg meiner saka er framstilt på ein annan måte enn det som er realiteten. Dette har vore eit konsern med 150 selskap. Berre utgangspunktet om at Lunde skal vita om alt som skjer, og kontrollera alt som går føre seg, er meiningslaust slik han ser det, seier Kvernberg.

Bergs sin forsvarar, Arild Dommersnes, meiner aktoratet skyt langt over mål når dei ber om 6,5 års fengsel for hans klient.

– Det ligg i korta at dette er alt for høgt. Ikkje vel høgt, men alt for høgt, seier han.