Hopp til innhold

Lisa var éin av to lærlingar i Noreg i fjor. Nå opnar ho eiget skomakeri

Lisa Sundvall valde å utdanne seg etter å ha fylt 30. Og då var det ein kommentar frå tanten som sende henne i ei utradisjonell retning.

Skomaker Lisa Sundvall tar lim på ein sko som skal bli fiksa i verkstadrommet.

Lisa Sundvall har alltid likt sko og skinn. Nå får ho jobbe med det ho liker kvar dag.

Foto: Marie Håland / NRK

At svenske Lisa Sundvall skulle ende opp med å opne eit skomakeri i Stavanger, var ganske tilfeldig.

Tidlegare jobba ho blant anna som limousinsjåfør, men då ho vart permittert i 2016 måtte ho tenkje nytt.

– Om eg nokon gong skulle utdanne meg så måtte eg finne det ut då, når eg allereie var i 30-åra, seier Sundvall.

Og det var ein kommentar frå tanten på ein ferietur som sende ho i den rette retninga.

Berre to i heile landet

– Ho var så lei av at eg gjekk inn på kvar skobutikk, så ho sa til meg: «Du burde bli skodesignar.» Nja, ikkje det tenkte eg, men skomakar kanskje?

Men å finne fram til utdanninga var ikkje spesielt lett. Det var lite informasjon, og i Nord-Sverige, der Sundvall kjem frå, var det berre éin skule med skomakarfaget.

– Det beste alternativet var å gå lærling, men det var heller ikkje så lett. For få skomakarar tar inn lærlingar.

Lisa Sundvall er skomaker i Stavanger. Bak henne ligg skosåler og brukte sko som skal bli som nye igjen.

Lisa Sundvall blir ikkje einaste skomakaren i Stavanger sentrum, men ho er berre glad for å ha gode kollegaer rundt i byen.

Foto: Marie Håland / NRK

Men ho fann fram. Og som ein av få tok Sundvall svennebrev i august. Sist sommar var det berre ho og ei anna som var skomakarlærlingar i heile Noreg. Og at det var to kvinner kan kome overraskande på fleire, tenkjer ho.

Dei sennepsgule skoa med kvite striper som Lisa Sundvall bruker, vart hennar første prosjekt med å fikse opp gamle sko.

Skoa Lisa Sundvall har på seg er hennar aller første prosjekt.

Foto: Marie Håland / NRK

– Mange ser på skomakaryrket som eit maskulint yrke. For i gamle dagar var det vel som regel ein mann.

Men det er dette som blei draumen hennar. Å opne eit skomakeri.

Eigentleg høyrde eit galleri også med i draumen, saman med mannen hennar som var kunstnar. Men då han døydde av kreft nokre år tilbake blei det berre skomakeriet igjen.

Men heldigvis får ho hjelp av gode vener, og det kjem spesielt godt med då ein skomakarmaskin på 700 kg måtte inn døra.

Ingen beskytta tittel

Det å fikse sko blir nesten som eit kunstverk det òg. For ting tar tid og må gjerast ordentleg.

Lim skal tørke, og ekstra strøk må til. Helst skal det herde i eit døgn.

– Det tar tid fordi ein vil gjere gode reparasjonar. Faget har hatt eit dårleg rykte, fordi det er ingen beskytta tittel. Kven som helst kan kalle seg skomakar, og då seier det seg sjølv at det kan bli nokre trasige reparasjonar.

Pussemateriale og ferdige sko hos den nye skomakeren Eljest i Stavanger .

Skoa som blir seld i butikken er brukte, og er anten fått eller kjøpt for ein billig penge. Målet er at kvar sko skal vere unik.

Foto: Marie Håland / NRK

Og sjølv om skomakaryrket kanskje er eit yrke folk forbind med gamle dagar, så merker ho at fleire unge vel å levere inn skoa sine. Og då er det viktig å tenke på berekraft og miljø.

– Ein del av konseptet er å kjøpe inn brukte sko for så å rive dei i sund og gjere dei om til noko fint.

Det var nok ikkje skomakar ho trudde ho skulle bli tidlegare. Men nå kan ho ikkje tenkje seg noko anna.

– Eg blir aldri ferdig utlært. Det er aldri ein kjedeleg dag.

Lisa Sundvall opnar døra til skomakeriet. Namnet "Eljest" står på døra som betyr "Ikkje som alle andre".

Lisa Sundvall opnar døra til skomakeriet «Eljest». Det er eit nordsvensk ord som betyr «ikkje som alle andre».

Foto: Marie Håland / NRK