Hopp til innhold

Lillian (80) fekk for lite pensjon i 13 år – KLP betalte tilbake alt på ein gong

Lillian Christensen blei 225.000 kroner rikare over natta. Pengane skulle blitt utbetalt dei siste 13 åra. Rundt 100 er i same situasjon. Veldig beklageleg og uheldig, seier KLP.

Lillian Christensen KLP pensjon

Å stå opp til nærare ein kvart million kroner på konto er sjeldan vare. For Lillian Christensen blei det realitet, og ho forstod fint lite då ho såg summen frå pensjonsselskapet KLP.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Då eg gjekk inn på kontoen min tenkte eg: Hæ? Eg har ikkje så mykje pengar?

1. februar vakna Lillian Christensen (80) til ei overrasking. I nettbanken hadde det dukka opp nesten ein kvart million kroner.

Avsendar: Pensjonsselskapet KLP.

Tankane byrja å vandre, og spørsmåla blei mange.

Lillian Christensen KLP pensjon

Lillian Christensen har jobba som sjukepleiar i Florø, Ulsteinvik, Finnmark, Gloppen og Sandnes.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Kvifor får eg desse pengane? Kunne dei vere feilsende? Var det ein slags sluttsum?

Men pengane hadde komme til den rettmessige eigaren sin. Christensen har nemleg fått utbetalt for lite pensjon i 13 år.

Eg sa takk, det er heilt greitt for meg. Men eg har aldri stussa på at eg har fått for lite, seier den pensjonerte sjukepleiaren.

Kallar situasjonen beklageleg

Men hadde ho vore åleine, utan mannen Olav, hadde ho lagt betre merke til mangelen på pengar. Det har ho tenkt mykje på.

Lillian Christensen og ektemann Olav KLP pensjon

Lillian Christensen og Olav Christensen feira pengesummen med eit glas vin.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Dei beklaga ingenting. Det synest eg er litt dårleg. Om eg hadde vore åleine, hadde dei kronene i månaden hatt mykje å seie for meg, seier Christensen.

Tore Skeide, direktør for pensjonsoppgjer i KLP, forstår godt overraskinga til Christensen.

Dette er openbert veldig beklageleg og uheldig. Vi er opptekne av å rydde opp når vi finn avvik i pensjonsutbetalingane.

Det er rundt 100 personar som no får forseinka pensjon frå KLP. På lista er det også avdøde personar.

I desse tilfella blir det etterbetalingar til arvingar og dødsbu så langt det er mogleg, forklarer Skeide.

Sjekkar rutinar for feil

Med forseinkingsrenter ligg beløpa på eit par tusen kroner og opp til ein halv million kroner på det største, seier han.

Han forklarer at for nokre personar er regelverket for korleis opptent pensjon skal behandlast ulikt.

Tore Skeide, direktør for pensjonoppgjør i KLP

Tore Skeide, direktør for pensjonsoppgjer i KLP

Foto: Martin Fønnebø / NRK

Det som har skjedd i desse tilfella er at vi har behandla pensjonsrettane før 1967 og etter 1967 på lik måte, og då har pensjonen blitt for låg.

Skeide seier at KLP no går gjennom rutinane for å sjå etter forbetringar for å forhindre slike feil. Det står att endå nokon på lista som ikkje har fått etterbetaling.

Vi kontaktar alle med eit brev der vi forklarer situasjonen, forsikrar Skeide.