Levekårsløft på Storhaug

Regjeringa bidrar med 10 millionar kroner over statsbudsjettet til eit levekårsløft på Storhaug i Stavanger. Det seier kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner. Storhaug har fleire gonger gjort det dårleg på levekårsundersøkingar og i dag underteikna han ein avtale med Stavanger kommune om ekstra innsats.