NRK Meny

Lettare å koma inn på oljefag

Karaktersnittet på oljerelaterte fag går kraftig ned. Det viser tala frå første inntak til vidaregåande opplæring i Rogaland. For to år sidan måtte elevane ha rundt 48 karakterpoeng for å koma inn på Vg2 brønnteknikk. No held det med 25. Den same tendensen ser ein også på Vg2 kjemi- og prosessfag. Musikk, dans og drama er retninga med høgast snitt.