NRK Meny
Normal

Leiter etter jente (7)

Politiet har rykka ut til Ålgård, der dei skal hjelpa til med å leita etter ei sju år gamal jente som ikkje kom heim til avtalt tid.

– Ho blei sist sett klokka 17 på ein leikeplass like ved heimen, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Trygve Ravndal til NRK. Det var familien som melde jenta sakna. Politiet vil ha tips i saka.

Klokka 20.00 melder politiet at jenta er funnen i god behald.