Den 47 år gamle mannen reiste frå Finnøy i 17-tida i går ettermiddag i ein 27 fot stor båt, men kom ikkje fram til Stavanger som planlagt og vart meldt sakna like før midnatt.
Redningsskøyta, sjøredningskorpset og fleire båtar har sidan då leita i området mellom Finnøy og Stavanger og fjordane rundt.
I følge opplysningane Hovudredningssentralen har fått var mannen sjøvan, men hadde ikkje redningsvest på seg. Dei reknar med at han har gått på innsida av øyane.