NRK Meny
Normal

Leiteaksjon etter skiløparar i Sirdal

To skiløparar gjekk seg vill ved Svåbergtjørnene i Sirdal.

Laster kart, vennligst vent...

Det blei laurdag ettermiddag sett i verk leiteaksjon etter to sakna skiløparar ved Svåbergtjørnene i Sirdal. Seinare på kvelden kom dei til rette igjen.

– Leitemannskap frå Øvre Sirdal leitegruppe er på veg ut til dei to, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt i Stavanger, Helene Strand.

Skiløparane melde sjølv frå om at dei hadde gått seg bort via mobiltelefon klokka 17 laurdag. Dei gav opp å finna fram då det blei mørkt.

Politiet har telefonkontakt med dei to.

– Dei er godt kledde og har med seg mat, opplyser Strand i politiet.

SISTE: Omlag klokka 19.30 melder politiet at dei to sakna skigåarane er på plass i bilen sin. Dei to 22-åringane er i god behald. Ifølge politiet fekk dei god hjelp av mannskapa frå Øvre Sirdal leitegruppe.

Dei to la ut på ein dagstur laurdag føremiddag. Ifølge vêrmeldingane er det sterk vind i området.