Hopp til innhold

Sakna turgåar (28) komen til rette i Suldal

Det blei sett i verk leiteaksjon med helikopter og frivillig mannskap då ein 28 år gammal mann blei meldt sakna i Sirdal-Setesdalsheia. Eit par timar seinare kom 28-åringen til rette i Suldal.

Lysebotn-Sirdalsheia

Klokka 15 laurdag blei det sett i verk leiteaksjon etter 28-åringen. Eit Sea King-helikopter blei sett inn i søket, men måtte avslutta jobben etter eit avgrensa søk på grunn av lågt skydekke.

Mannen (28) la ut åleine på tur førre fredag via Lysebotn. Den siste kontakten familien hadde med mannen var måndag. Han er ifølge politiet fjellvant.

28-åringen skulle vore tilbake i går, men det skjedde ikkje.

Klokka 19 melder politiet at 28-åringen er komen til rette i god behald på Stranddalshytta i Suldal. Politiet takkar på Twitter for tips i saka som var til stor hjelp.

Til slutt kjem dei med denne oppmodinga: «Meld frå kor du går».