NRK Meny
Normal

Leiteaksjon etter sakna fiskar

Eit redningshelikopter og fleire båtar søker nå etter ein 51 år gamal fiskar utanfor Hellvik i Eigersund. Fiskaren har ikkje kome heim att etter han la ut på hummarfiske i dag tidleg.

Laster kart, vennligst vent...

Søket skjer med utgangspunkt i Moivika litt vest for Hellvik.

Leiteaksjonen går føre seg utanfor Hellvik i Moivika. Fiskaren gjekk ut i ein 26-fots båt klokka 10-tida i dag for å trekka hummarteiner. Han har framleis ikkje kome tilbake, og det er familien som har meldt han sakna.

Helikopteret blei sendt ut klokka 17.45. Redningsfartøyet Peter HV Koss er også i området og leiter.

– Det er mørkt, og det blæs frisk bris, men elles blir det rapportert om greie søkeforhold, seier redningsleiar i Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS), Cecilie Øversveen.

I tillegg blir alle båtar som trafikkerer i området kalla opp og bedne om å vera på utkikk og søka med hjelp av radar.

Klokka 19.30 var fiskaren framleis sakna ifølgje HRS.

– Me søker hovudsakleg der det var planlagt at båten skulle gå, men det er ei kontinuerleg vurdering på om me utvidar søket til eit større område, seier redningsleiar i HRS, Per Fjell klokka 19.30.

Klokka 20 opplyser Fjell at dei har utvida søket til område båten kan ha drifta. Med søraustleg vind vil dette sei at dei leiter nordover i eit område på om lag 45 gonger 25 kilometer.

Vinden har auka på til liten kuling.

Peter HV Koss sin aktivitet

Dette kartet syner kor redningsskøyta Peter HV Koss har gått etter ho blei kalla ut i leiteaksjonen.

Foto: marinetraffic.com