Hopp til innhold

Leiter etter 63-åring frå Moi – siste livsteikn kom på torsdag

LUND (NRK): Politi og frivillig leitemannskap har laurdag tatt opp att søket etter 63 år gamle John Olav Moi. Rundt 100 personar deltek i søket etter den sakna.

Mange frivillige søker til fots i turområde rundt Moi i Lund kommune.

STORE STYRKAR: Politiet, frivillige og sivilforsvaret er med på leiteaksjonen på Moi i Lund kommune.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I sekstida fredag kveld fekk politiet inn ei saknamelding frå Moi i Lund kommune. Ingen hadde sett eller høyrt frå 63 år gamle John Olav Moi sidan 13.30-tida på torsdag.

John Olav Moi

Politiet ønsker tips dersom nokon har observert 65 år gamle John Olav Moi dei siste dagane.

Foto: Privat

– Den siste kontakten med mannen skal ha skjedd via telefon, opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Nikolai Austerheim.

Politiets teori er at den sakna har vore ute på tur, og at noko skal ha skjedd han.

Nytt søk

Etter eit resultatlaust søk fredag kveld, tok politiet opp att søket laurdag morgon.

Mannen skal vera turvant og godt kjend i området rundt Moi.

– Me er ute med store styrkar og leiter i terrenget nå. Politi, frivillige og sivilforsvaret er ute. Det er også hundepatruljar med i søket, seier innsatsleiar i politiet, Runar Heggen, til NRK.

Leiteaksjon på Moi

Politiet koordinerer leiteaksjonen frå Lundheim folkehøgskule på Moi.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Delvis vanskeleg terreng

Han fortel at området dei leiter både består av turstiar og terreng som er vanskeleg å ta seg fram i.

– Der det ikkje er tursti er terrenget nokon stader uframkomeleg. Det er også terreng med tett vegetasjon, seier Heggen.

Fredag blei det brukt helikopter i søket. Laurdag har det stått på bakken heile føremiddagen, men laurdag ettermiddag vart eit Sea King-helikopter nytta i søket etter den sakna i nokre timar.

I tillegg brukar politiet deira hundar i søket. Det er også betydeleg med frivillige leitemannskap med og ein del personar frå lokalbefolkninga.

Totalt leitar no rundt 100 personar etter den sakna. Operasjonsleiar i politiet laurdag kveld, Toralv Skårland, opplyser til NRK at dei framleis ikkje har gjort noko funn. Og at søket etter 63-åringen held på for fullt.

No har leitemannskapa intensivert søket til eit område på vestsida av Europaveg 39.

Politiet ønsker tips

Politiet har saman med pårørande valt å gå ut med både bilde og namn på mannen, med håp om at det kan føra til tips.

– Me er veldig interesserte i tips frå folk som kan ha møtt på han, seier Austerheim.

Leiteaksjonen blir koordinert frå Lundheim folkehøgskule på Moi

Fleire frivillige har møtt opp for å vera med på leiteaksjonen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Leitearbeidet blir organisert frå Lundheim folkehøgskule i Moi.

– Me jobbar med å snevra inn søksområdet slik at me får betre utnytting av leitemannskapet, seier innsatsleiar Heggen.

Leitemannskapet har base på Lundheim folkehøgskule på Moi.