Bilen vart funnen att 3-4 kilometer sør for Tonstad, på ein parkeringsplass ved eit hyttefelt ved Sirdalsvatnet. Bilen var då tom.
Spor i snøen tyder på at det kan ha vore fleire personar i bilen, seier Ernst Rossebø, politiinspektør ved Rogaland politidistrikt.
Politiet undersøker no hyttene, og så langt ser det ut som alle er tomme, seier Rossebø.
Rossebø oppmodar bilistar til å ikkje ta opp haikarar i dette området. Bilkapraren er væpna med hagle og kan vera farleg, seier Rossebø.
Bilføraren og passasjeren hans er avhøyrt av politiet i ettermiddag.