NRK Meny

Leita etter skadd syklist i natt

I tidsrommet 02:25-03:30 leita fleire politipatruljer og ambulansar etter ein skadd syklist på Ganddal i Sandnes. Mannen snakka på mobiltelefon, men klarte ikkje å gjera greie for kor han var. Han gav uttrykk for å trenge medisinsk behandling. Etter ein time blei mannen funnen og fekk legehjelp. Han var ikkje alvorleg skadd, opplyser politiet.