NRK Meny
Normal

Lei av å purra på kundane dine?

I denne videoen får du purretips av komikar Rune Bjerga.

– Kort sagt; eg hatar å purra på fakturaer som har gått fleire veker, kanskje månader over forfall, skriv komikaren i ein e-post til NRK Rogaland.

Han skriv vidare at han «føler ubehag» og «hatar å purra» og at han han «blir flau» og «får vondt i kroppen».

Derfor har han, og fotograf Ørjan Barrie Hennes, laga ein purrevideo for å gjera det enklare for seg sjølv.

Ifølge komikaren er purrevideoen prøvd ut to gonger og pengane kom kjappare enn Usain Bolt.