Hopp til innhold

Legionellafunn ved fire idrettsanlegg i Stavanger

Stavanger kommune har stengt ned fleire dusjanlegg etter funn av legionellabakterie. – Personar med luftvegsproblem eller feber må oppsøka lege, seier helsesjef I Stavanger kommune, Egil Bjørløw.

Tastahallen

Tastahallen er ein av fire hallar i Stavanger som har stengt dusjanlegget etter funn av legionellabakterie type 1.

Foto: Siv Egeli

Funna av legionellabakterie er gjort i dusjanlegga ved Tastahallen, Hundvåghallen, Tasta bydelsanlegg og S. I. F bydelsanlegg i Stavanger.

I 2001 døde sju personar som følgje av legionellabakterie i kjøleanlegget til Radisson SAS Atlantic Hotel i Stavanger. Kommunen tar derfor ingen sjansar og stenger av dusjanlegga fram til dei har blitt desinfiserte.

– Det er små funn som er gjort, men me tar ingen sjansar. Anlegga vil bli haldt stengt fram til me er sikre på at det er trygt å opna dei at, seier helsesjef i Stavanger Egil Bjørløw.

Han legg til at dei ikkje har fått melding om at folk har blitt sjuke.

– Men om nokon får luftvegsproblem eller feber må dei ta kontakt med lege, seier Bjørløw.

Menneske som blir sjuke er oftast eldre menneske med nedsett immunforsvar. Unge med nedsett immunforsvar blir svært sjeldan sjuke.

Bakterien kan koma alle stader der det er vatn med ein temperatur mellom 25 og 40 grader og tilgang på næringsstoff.

Ein kan framleis nytta dei fire idrettsanlegga, men ein må dusja heime. Kommunen håpar å få gjennomført desinfiseringa etter helga.