Legg vekk saka mot ordførar i Haugesund som braut hytteforbodet

Politiet droppar saka mot Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn (Ap) som overnatta på hytta si i Nedstrand sist helg.

Arne-Christian Mohn

LIKSKAP: Politiet har latt vere å etterforske andre hytteeigarar som har brote hytteforbodet Difor kjem dei heller ikkje til å etterforske Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn meir.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eg blei først og fremst veldig letta då politiet informerte meg om at dei la vekk saka, seier Mohn.

Ifølgje Mohn drog han på hytta for å brenne hageavfall. Ettersom bålet framleis ulma seint på kvelden, sov han over til sundag.

Politiet fekk vite om hendinga tysdag og bestemte seg for å opprette sak. Fleire naboar hadde då reagert på at ordføraren i Haugesund hadde overnatta på hytta på Nedstrand i Tysvær kommune i helga.

Hytteforbodet blei oppheva først 20. april, måndagen etterpå.

Politiet: Legg vekt på likskapsprinsippet

Torsdag opplyser politiet at dei har valt å legge vekk saka.

– Vi har nå fått sett nærmare på andre liknande saker om brot på hytteforbodet i og utanfor distriktet, kor det ikkje er oppretta sak, men berre gitt rettleiing på staden. Når desse hytteeigarane ikkje er melde til politiet, bør heller ikkje ordføraren bli det, seier politiadvokat Gunnveig Breistein ifølgje ei pressemelding.

Ifølgje Breistein har politiet lagt vekt på likskapsprinsippet når dei ikkje gjer vidare etterforsking.

Angrande ordførar

Arne-Christian Mohn skulle gjerne sett at hendinga ikkje skjedde.

– Det er klart at eg angrar. Eg sette meg sjølv i eit dilemma, og det var heilt og haldent min feil, seier han til NRK torsdag.

– Korleis har dei siste dagane vore?

– Eg har unngått sosiale medium lenge før denne hendinga. Men dei tilbakemeldingane eg har fått frå folk, har nesten berre vore positive. Folk har skrive at dei skjønar at og ein ordførar kan gjera feil.

Han erkjenner og at han som offentleg person har eit ekstra ansvar for å følgje loven.

– Kva tenker du om at nokon har tysta?

– Det vil eg ikkje ha noka meining om, seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.09.2020
775
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde