Selskap etter selskap i det omfattande Lunde-imperiet har i løpet av vinteren blitt slått konkurs. Arbeidet med konkursane har avdekt fleire forhold som kan vera straffbare.
Burapporten som nå i føremiddag blir presentert viser fleire kritikkverdige forhold. Mellom anna føreligg det ikkje styreprotokollar, og ei rekkje avtalar er gjort utan dokumentasjon.
I 2008 hadde ikkje morselskapet kontroll med sine dotterselskap.
«En rekke transaksjoner av store millionbeløp har skjedd på en utillatelig måte», skriv Bie i rapporten sin.
- Les òg:
- Les òg:
Vil få fram det rettsleg relevante
I dag legg bustyrar Fredrik Bie fram dei endelige krava etter konkursen i morselskapet Lunde Gruppen.
– Det spesielle med konkursen er at den kjem i ei rekke av fleire andre konkursar, derfor må me sjå på den i konsernsamanheng. Om me berre byrjar å plukka i det enkelte selskap får me ikkje eit bilete av det som er det rettsleg relevante, seier bustyrar Fredrik Bie.
Totalt har 63 kreditorar, som i hovudsak er bankar og kredittinstitusjonar, meldt seg. Dei har gjort krav på omlag 800 millionar kroner kor det også ligg eit kausjonsansvar på til saman 455 millionar. Men det er lite å henta seier Bie:
– «Princess» er alt som er att
– Alt av verdi i morsselskapet i dag er ein stor «Princess»-båt på 95 fot, men den er pantsett, seier Fredrik Bie.
- Les òg:
- Les òg:
Morsselskapet var meint til å eiga aksjar i dotterselskapa, men desse er nå verdilause.
Rapporten som i dag blir utarbeida vil bli sendt til politiet i Stavanger. Det samla tapet for kreditorane etter Lunde-konkursen vil vera på omlag 1,6 milliardar kroner.
Lunda-gruppa blei slått konkurs 9. februar i år.