Det var fredag kveld 17. august det blei kraftig røykutvikling i turistferja MF «Eid» etter varmgang i motoren.
Alle dei 54 personane om bord måtte evakuerast, og ferja som vanlegvis trafikkerer over Høgsfjorden, MF «Finnøy», blei innstilt. Den måtte trø til som slepefartøy då turistferja skulle bli frakta ut av Lysefjorden.
Med det blei den raskaste bilvegen til Sandnes, byen Forsand har legevaktsamarbeid med, sett ut av spel. To av dei evakuerte personane blei også frakta til legevakta på Jørpeland i Strand, i staden for Sandnes.
– Ferja er eit kritisk punkt
Kanskje inga ulempe for pasientane. For reisetida til legevakta i Strand frå Oanes, der dei evakuerte blei frakta til, er på om lag eit kvarter. Med ferje og ambulanse til Sandnes, ville reisetida til Sandnes legevakt blitt om lag det firedoble, altså ein times tid.
Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H).
Foto: Kjersti Hetland / NRKDette får Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) til å stilla spørsmål kring legevaktsamarbeidet til nabokommunen.
– Dette viser at ferja er eit kritisk punkt når det gjeld legevakta i Sandnes. Men vår legevakt ligg berre 16 minutt frå Forsand sentrum, og me hjelpte til denne gongen.
– Kva tenker du om beredskapen i området med dette eksempelet?
– At me har meir å jobba med når det gjeld beredskap. Ferja var berre ein fjerdedel inn i Lysefjorden. Hadde den vore heilt inne i fjorden, i Lysebotn, er avstanden i luftlinje til legevakta i Sandnes om lag tilsvarande Haugesund-Sandnes, eller Moi-Sandnes, illustrerer ordføraren (sjå kart under).
– Ikkje eit problem
Det er heller ikkje første gong legevakta i Strand tar imot pasientar frå Forsand den siste tida, sjølv om legevaktsamarbeidet mellom Strand og Forsand blei avslutta i april 2016 på grunn av usemje om finansieringa.
Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H) meiner likevel legevaktsamarbeidet med Sandnes fungerer bra. Han viser til at det var operasjonsleiar i politiet som sende pasientane med røykskadar til legevakta i Strand.
Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H).
Foto: Arild Eskeland / NRK– Dersom andre hadde hatt behov for lege, hadde me rekvirert det gjennom bakvaktsordninga me har 24 timar i døgnet. Eg tenker at me stiller opp for kvarandre i Ryfylke når store og mindre ulukker skjer. Eg ser ikkje på dette som eit problem.
Heller ikkje Strand-ordføraren karakteriserer det som eit problem per nå at dei av og til tar imot Forsand-pasientar som AMK sender til dei.
– Men eg trur me må snakkast i nabokommunane, både om beredskap og korleis me ordnar oss med legevakt.
Forsand-ordføraren viser til at det alt er på plass eit beredskapssamarbeid.
– Men me må gjerne setja det i eit system og ha regelmessige møter. Denne episoden viser også kor viktig ferjesambandet over Høgsfjorden er i beredskapssamanheng.