NRK Meny
Normal

Legevakta: – 50 ubesvarte telefonar på ei vakt

Sjukepleiarforbundet slår alarm om altfor dårleg bemanning ved Stavanger legevakt. Hovudtillitsvald Kirsten Harstad fortel om 50 ubesvarte telefonar på ei vakt. Helsesjefen meiner bemanninga er god nok.

Stavanger legevakt

Sjukepleiarforbundet er sterkt kritisk til bemanninga ved Stavanger legevakt. Dei varslar nå møte med levekårsdirektøren i Stavanger om saka.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

«I kveld er det 50 ubesvarte telefonar». Slik lyder ei av tilbakemeldingane hovudtillitsvald Kirsten Harstad har fått av tilsette på Stavanger legevakt.

Legevakta er sentral for kommunane Stavanger, Sola og Randaberg. I september i 2015 blei også ryfylkekommunane Rennesøy, Finnøy, Kvitsøy og Hjelmeland med i samarbeidet. Det betyr at Stavanger legevakt er sentral for om lag 180.000 innbyggarar.

Kirsten Harstad

Kirsten Harstad, hovudtillitsvald Norsk sjukepleiarforbund.

Foto: Magnus Stokka

Tilsette ved legevakta NRK har snakka med fortel at det berre er ein person til å svara på telefonane ved legevakta på dagtid, og at bemanninga ikkje har auka etter utvidinga i fjor.

Dette blir stadfesta av sjukepleiarforbundet.

–– Dei seier at det ofte berre er ein person som sit ved telefonen. Tilstanden ved legevakta har uroa sjukepleiarforbundet over tid, fortel Harstad.

– Stort arbeidspress

Mange opplever å ikkje nå gjennom til legevakta, og dette har resultert i klagestorm frå Ryfylke. Harstad i sjukepleiarforbundet meiner bemanninga ved legevakta generelt sett er for låg.

– Arbeidspresset er for stort, dei manglar folk og det er stadig press om ekstravakter. Me har eksempel på sjukepleiarar som har jobba 70 timar på ei veke og mange vakter på rad. Dette er brot på arbeidsmiljølova, og bryt med pasienttryggleiken etter vårt syn.

Helsesjefen: – Nok folk

Corinna Vossius er helsesjef i Stavanger og har ansvaret for legevakta. Ho seier dei har tilsett nye folk dei siste månadane og at bemanninga er tilstrekkeleg.

Corinna Vossius

Corinna Vossius, helsesjef i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal

– Me meiner det er nok folk, men ser også at det i periodar er veldig travelt og at det periodevis er utfordrande å svara på alle oppkall som kjem inn.

Helsesjefen seier også at dei legg opp til at to-tre personar skal svara på legevakttelefonen på dei travle tidene. Det er også kjøpt inn eit dataprogram for å registrera alle som tar kontakt. At det har vore så mange som 50 ubesvarte telefonar på ei vakt, kjenner ho ikkje til.

– Uansett tar me uromeldingane på alvor, så må me nøsta opp i kva som er problema.

Levekårsdirektør: – Må finna ut av dette

Per Haarr

Per Haarr, levekårsdirektør i Stavanger kommune.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Levekårsdirektør Per Haarr i Stavanger kommune lovar også å ta uromeldingane frå dei legevakttilsette på alvor.

– Dette må me finna ut av. Målet må vera at både tilsette og innbyggarar er fornøgde.

Tillitsvalt Harstad i sjukepleiarforbundet varslar nå eit møte med levekårsdirektøren. Nok er nok, meiner ho.

– I dag er det brannsløkking kvar dag. Det er eit slit for dei tilsette, og det er ikkje akseptabelt verken for pasientar som kjem til legevakta eller dei som ringer.