Hopp til innhold

Lege: – Trapp ned før ferien

For å få fullt utbytte av ferien bør du trappa ned i god tid før ferien byrjar. – Mange bruker dei første vekene på å koma i feriemodus, seier lege Ivar Halvorsen.

Bilferie

Ikkje alle er i feriemodus når sommarferien tar til. Dette kan vera øydeleggjande for ferien, meiner lege.

Foto: Sigrid Olsson, AltoPress / Maxppp / Colourbox

I vekene før ferien er det svært mange som stressar for å bli ferdig med alt på jobben, eller for å sørgja for at hagen ikkje skal sjå ut som eit villnis når dei kjem heim etter ferie.

Når ein då endeleg får ferie og skal slappa av, kan ein oppleva å bli sjuk – eller at ein ikkje klarer å stressa ned før halve ferien er omme.

– Når ein har hatt mykje adrenalin i kroppen over lengre tid, og det er infeksjonar i omløp, kan ein lett tenka seg at ein kan få sjukdomar lettare, seier lege i Stavanger Ivar Halvorsen.

Liv Todnem

Liv Todnem likar seg best i hagen når ho har ferie. Her stressar ho ikkje sjølv om det er mykje å gjera.

Foto: Privat

– Hagen er ferie for meg

Ferie kan vera så mangt. Nokon vel å oppsøka storbyen, andre fjellet, nokon føretrekkjer sjøen og det finnes dei som likar seg best heime.

– Eg likar meg best i hagen, det er det som er ferie for meg, seier Liv Todnem.

Ho er ei av dei som trappar ned før ferien i staden for å stressa seg opp.

Sjølv om det er meir enn nok å gjera av hagearbeid, er ikkje dette arbeidet noko som stressar henne.

– Det verkar avstressande. Eg har det svært godt i hagen min når det er ferie, seier ho.

Slappar av med hagearbeid

Svein inge Støle er ein av mange hundre tusen nordmenn som nå gler seg til sommarferie.

– Nå er det berre ei veke att. Så skal eg ha tre veker, seier Svein Inge Støle.

Sidan det har vore roleg på jobben hans den siste veka, er det heilt naturleg for han å gli over i feriemodus. Men slik er det ikkje for alle.

Glidane overgang frå jobb til ferie

Det er vikitg å trappa ned før ferien for å få full effekt av dei tre-fire vekene du har fri frå jobben, meiner lege Halvorsen.

– Det burde absolutt vore ein glidande overgang, seier Halvorsen.

Ivar Halvorsen

For å bli ferdig med alt på jobben eller i hagen, stressar svært mange i vekene før ferien. Då kan ein lettare bli sjuk, seier lege Ivar Halvorsen.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Han fortel at dei som har vore stressa over tid, for så å byrja brått på ferien, brukar store delar av ferien for å koma i såkalla feriemodus.

– Eg trur den beste strategien er å bli ferdig i god tid med det du jobbar med, seier han.

Han legg til at hovudet må vera langt over vatnet når ein går på ferie.

– Kjensla av å vera i balanse må vera der, seier han.