Hopp til innhold

Lege sikta for å utnytta stillinga si til å ha sex

Legen frå Rogaland er sikta for å ha skaffa seg seksuell omgang ved «misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold», noko som kan gi opp til seks års fengsel. Han blei varetektsfengsla i ei veke, men anka fengslinga, i dag har lagmannsretten forkasta anken.

Mannen nektar straffskuld, skriv forsvararen hans, Christina Marie Steensnæs Winsor, i ein SMS til NRK.

I rettsavgjerda legg forsvararen vekt på at sikta ikkje var fastlege for fornærma, men at han har hatt legekonsultasjonar med henne. Det kjem også fram at politiet ønsker å undersøka om fleire pasientar kan vera fornærma, og at politiet har sikra legen sin mobiltelefon.

Retten grunnar fengslingskjennelsen med fare for å øydeleggja bevis.

Det var VG som omtalte saken først.

Flere nyheter fra Rogaland