NRK Meny
Normal

– Lastebilen står bom fast

Politiet måtte varsla tauebil etter ein lastebil onsdag kveld køyrde seg fast under jernbanebrua i Sandnes sentrum.

Lastebil fastkilt

Denne lastebilen kilte seg under jernbanebrua sør i Sandnes sentrum.

Foto: Ronny Hjertås

Like etter klokka 17 onsdag kveld kilte ein lastebil seg fast i rundkøyringa under Jernbanen sør i Sandnes sentrum.

– Bilistar må rekna med ein del kø i området. Bilen står bom fast, så nå er Falck på veg for å hjelpa til, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Kurt Løklingholm.

Det er kranen som har teke i taket.

– Sjåføren har teke feil om høgda, så det er ikkje snakk om førarkortbeslag, seier han.

Det vil ikkje gå tog over brua når taubilen fjernar bilen, men utover det vil det ikkje bli forseinkingar i togtrafikken.